Hopp til innhald

Persefone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Persefone

Opptrer iHades
Identifisert medProserpina, Libera
MorDemeter, Styx
FarZevs
EktefelleHades
SambuarAdonis, Zevs
BarnAgrianome, Eubuleus, Zagrevs, Melinoe

Persefone (gresk Περσεφόνη), også kalla Kore (Κόρη, «jente», «jomfru») er i gresk mytologi dotter av kongen til gudane Zevs og fruktbarheitsgudinna Demeter, og ho er sjølv dronning i underverda. Homer beskreiv henne som den veldige, skrekkinngytande og ærverdige dronninga av underverda som medverkar til at forbanningane til menneska blir sette i verk på sjelene til dei døde. Persefone blei røva bort og tatt som make av Hades, gudekongen i underverda.[1] Myten om dette kvinnerovet representerer den viktige tydinga hennar og funksjon som ei personifisering av vegetasjonen. Han veks fram og spirer om våren og trekkjer seg tilbake til jorda om hausten etter innhaustinga av avlinga; såleis er ho også assosiert med våren i tillegg til å vera ei fruktbarheitsgudinne for vegetasjonen. Tilsvarande mytar finst også i dei austlege mytane med opphav frå Midtausten og Orienten, i dei religiøse kultane for mannlege guddommar som Attis, Adonis og Osiris.[2]

Persefone som gudinne for grøda var saman med mor si Demeter sentrale religiøse figurar i dei eleusinske mysteria, som hadde opphav frå tida før innføringa av dei olympiske gudane. Mysteria gav løfte om å gje dei innvigde betre høve etter døden. Opphavet til kulten hennar er usikker, men han var basert på ein svært gammal agrarkult i jordbrukssamfunna. Persefone er i ein del avvikande mytar, særleg den orfiske tradisjonen, blitt framstilt som mor til Dionysos, Iakkhos eller Zagreus, då med Zevs som far.

Persefone blei vanlegvis dyrka i lag med Demeter og innanfor dei same mysteria. Til henne åleine var det dedikerte mysterium som vart feira i Aten i månaden anthesterion. I klassisk gresk kunst er Persefone alltid framstilt i lang kappe eller kjortel, ofte berande på eit knippe korn. Ho kunne også bli framstilt som ein mystisk guddom med septer og ei lita eske, men blei som regel framstilt under Hades sitt rov då han tok henne ned i underverda. I romersk mytologi er ho kalla for Proserpina og mor hennar for Ceres.[3]

  1. Nilsson, Martin P. (1967): Die Geschichte der Griechische Religion Vol I, s. 462–463, 479–480
  2. Fraser, James George (1925): The Golden Bough. Adonis, Attis and Osiris. Nilsson, Martin P. (1967): Die Geschichte der Griechische Religion Vol I, s. 215
  3. «Persephone Goddess», Theoi Project

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Persefone