Omtalar av tillegg er ein måte for deg å dele meiningane dine om tillegga som du har installert og brukt. Moderatorlaget vårt for omtalar for reserverer seg retten til å avslå eller fjerne all omtale som ikkje samsvarar med desse retningslinjene.
Tips om korleis du skriv ei god vurdering
Slik gjer du det:
- Skriv som om du fortel for ein venn om oplevinga di av utvidinga.
- Skriv kortfatta og rett fram.
- Gje spesifikke og brukandes detaljar. Til dømes:
- Fungerte utvidinga som forventa?
- Kva likar du, og kva likar du ikkje med utvidinga?
- Var dette nyttig?
- Var det enkelt å bruke?
- Vil du fortsetje med å bruke dette tillegget?
- Bruk litt tid på å gå gjennom vurderinga di før du sender henne inn, for å luke ut stavefeil.
Ikkje gjer dette:
- Send ikkje inn vurderingar på eitt ord, som til dømes «Bra», «Fantastisk» eller «Dårleg».
- Skriv om tekniske probleme be om hjelp, eller foreslå funksjonar. Bruk dei tilgjengelege brukarstøttemoglegheitene for individuelle tillegg, dersom dei er tilgjengelege. Du kan finne dei i «Meir informasjon»-seksjonen i sidestolpen på sida med detaljer om tillegget.
- Skrime vurderingar om utvidingar du sjølv ikkje har brukt.
- Bruke banning, seksuelt språk eller språk som kan tolkast som hatefullt.
- Inkluder HTML, lenker, kjeldekode eller kodesnuttar. Vurderingar er meint å vere berre tekst.
- Uttale seg falskt, nedverdige utviklarar av tillegg eller fornærme dei personleg.
- Inkludere di eiga eller e-postadressa til nokon anan, telefonnummer, eller andre personlege detaljar.
- Å legge ut omtalar for ei utviding som du eller firmaet ditt skreiv eller representerer.
- Å kritisere eit tillegg for noko som det er meint å gjere. Til dømes å leggje ut ein negativ omtale av eit tillegg for å vise reklamer eller å kreve datainnsamling, når det er det uttrykte formålet til tillegget eller når tillegget krev innsamling av data for å fungere.
Vanlege spørsmål om vurderingar
Korleis kan eg rapportere ei problematisk vurdering?
Rapporter eller flagg all tvilsam omtale ved å klikke på «Rapporter denne omtalen», og han vil bli sendt inn til nettstaden for moderering. Moderatorlaget vårt vil bruke retningslinjer for omtalar for å evaluere om omtalen skal slettast eller gjenopprettast.
Eg er utvidingsutviklar, kan eg svare på vurderingar?
Ja, tilleggsutviklarar kan skrive eitt enkelt svar til ein omtale. Du kan setje opp eit diskusjonstema i forumet vårt for å engasjere til ytterlegare diskusjon eller oppfølgjing.
Eg lagar utvidingar, kan eg fjerne negative vurderingar eller rangeringar?
Generelt nei. Men om vurderinga ikkje oppfylte vurderingsretningslinjene som er skildra ovanfor, kan du trykkje på «Rapporter denne vurderinga» og få henne moderert. Om vurderinga inneheld ei klage som ikkje lenger er gyldig på grunn av ein ny versjon av utvidinga di, kan vi vurdere å slette vurderinga.