Firefox Focus

Enkel, privat, mobilsurfning

Firefox Focus er din dedikerte personvern-nettlesar med automatisk sporingsvern. Med Focus lastar sidene dine raskare, og dataa dine blir verande private.

Firefox Focus er tilgjengeleg for både iOS og Android-einingar.

Last ned Firefox Focus

Skann QR-koden for å kome i gang

Skann QR-koden for å få Firefox Focus

Slett historikken din

Slett enkelt historikken din, passord og infokapslar, slik at uønskte annonsar ikkje følgjer deg på nettet. Trykk på sletteknappen i søkjefeltet og så er han borte.

Ta privat modus til neste nivå

I dei flesta nettlesarar er «privat surfning» eigentleg ikkje så privat. Firefox Focus tilbyr personvern på nesta nivå som standard, og er støtta av Mozilla, den ideelle organisasjonen som kjempar for dine rettar på nettet.

Sporingsvern

Firefox Focus blokkerer ei rekkje vanlege sporarar som standard, inkludert sosiale sporarar som dei som kjem frå Facebook-annonsar.

Sjå alt raskare

Focus fjernar sporarar slik at sidene du ser på krev mindre data og lastar mykje raskare. Fest og opp til fire snarvegar på startskjermen, og kom til favorittnettstaden din endå raskare utan å skrive noko.

Laga av Mozilla

Vi meinar at alle burde ha kontroll over nettliva sine online. Det har vi kjempa for sidan 1998.